Portal viser at det er mange inngangar til fortida, og at fortida også kan fortelje oss noko om notida og framtida. Elevane får hjelp til å forstå innhaldet i kapitla i grunnbøkene sidan dei systematisk er bygde opp rundt problemstillingar.
Portal
- vekkjer interesse og fremjar kritisk sans gjennom ei samanhengjande og problematiserande framstilling av historia
- har ei oppgåvebok for elevane, Arbeidsportal, som gir elevane teoristoff med eksempel til blant anna kjeldegransking og ulike syn på historia. Elevane vil dessutan finne enkle oppgåver (repetisjonsspørsmål) og omfattande oppgåver og arbeidsopplegg, i hovudsak med utgangspunkt i ei eller fleire kjelder
- har mange ulike typar opplegg for elevar og lærarar på fagnettstaden, strukturerte etter kapitla i grunnboka
Portal påbygging Vg3 har høg fagleg kvalitet og inneheld akkurat det stoffet elevane treng – verken meir eller mindre. Læreboka og nettsidene fører elevane greitt gjennom påbyggingskurset i historie.
Portal påbygging
- er forståeleg og oversiktleg
- har eit omfang og ein struktur som gjer det mogleg å komme gjennom alt stoffet på kort tid